Erlangen

Koordinatar: 49°36′0″N 11°1′0″E / 49.60000°N 11.01667°E / 49.60000; 11.01667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlangen
Erlangen i 1916
Erlangen i 1916
Erlangen i 1916
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Erlangen
Erlangen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Mittelfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 1002
Geografi
Flatevidd
 - By

76,90 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

103 869
  1 351/km²
Koordinatar 49°36′0″N 11°1′0″E / 49.60000°N 11.01667°E / 49.60000; 11.01667
Høgd over havet 280 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 91001-91058
Telefon-retningsnummer 09131
Bilnummer ER
Heimeside: www.erlangen.de

Erlangen er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Regnitz i regionen Mittelfranken, like i nærleiken av Fürth og Nürnberg, som saman med med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er ein av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.

Friedrich-Alexander-Universität er viktig for byen, som òg har fleire filialar av Siemens AG. Ei hending som framleis påverkar byen er busetnadane til hugenottane som flytta til byen etter ediktet i Nantes i 1685.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Erlangen vart først nemnd offisielt i 1002 med namnet «Villa Erlangon». I 1361 vart landsbyen seld til keisar Karl IV. Tre år seinare vart det bygd ein by nær landsbyen, som i 1374 fekk rettar til å prege sine eigne myntar. I 1398 fekk Erlangen byrettar og i 1402 hamna byen under Hohenzollern som ein del av fyrstedømet Brandenburg-Kulmbach (frå 1603 kalla Bayreuth) fram til 1806. Erlangen var hovudstad i det såkalla Unterland i fyrstedømet. Etter fire år med fransk okkupasjon vart han til slutt ein del av Kongedømet Bayern i lag med resten av fyrstedømet.

I 1686 kom dei første franske hugenottane til Erlangen. Greven av Beyreuth, Christian Ernst, bygde ein «ny by» (Neustadt) for dei. I 1706 vart gamlebyen nesten heilt øydelagd av ein brann, men raskt gjenoppbygd. I 1812 vart den gamle og nye byen slått saman.

I 1742 grunnla grev Friedrich av Bayreuth universitetet i residensbyen Bayreuth, men på grunn av opprørske studentar vart universitetet flytta til Erlangen. Seinare fekk det namnet Friedrich-Alexander-Universität og vart eit prøyssisk universitet. Kjende studentar på denne tida var Johann Ludwig Tieck og Wilhelm Heinrich Wackenroder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Erlangen